Skip to main content Start of main content

Fedora Design Suite

Leitar du etter eit skrivebordsmiljø som er klart til bruk, og som er proppfullt av produksjons- og publiseringsverktøy for multimedia med fri og open kjeldekode? Prøv Design Suite, eit Fedora-spinn laga av designarar, for designarar.

Design Suite inneheld favorittverktøya til Fedoras designteam. Dette er dei same programma som me brukar til å laga alle kunstverka du ser i Fedora-prosjektet, frå skrivebordsbakgrunnar til CD-omslag, nettsidedesign, applikasjonsgrensesnitt, flygeblad, plakatar og mykje meir. Design Suite har eit program for deg, frå dokumentpublisering til vektor- og bitmapredigering eller 3D-modellering til biletbehandling — og du kan installera tusenvis av andre program frå Fedora-pakkeuniverset.

Utvalde applikasjonar

GIMP

Ein kraftig app for biletkomposisjon og grafisk redigering, på same måte som Adobe® Photoshop™.

Inkscape

Eit brukarvenleg redigeringsprogram for vektorgrafikk, på same måte som Adobe® Illustrator™.

Blender

Ein alt-i-eitt 3D-grafikkpakke med verktøy for modellering, animasjon, rendering, og etterproduksjon.

Darktable

Eit virtuelt ljosbord og mørkerom for fotografar; inkluderer verktøy for å framkalla og forbetra råbilete.

Krita

Ein kreativ skisse- og digital måleapp som er modellert etter verkelege målemateriale og arbeidsflytar.

Scribus

Eit program for skrivebordspublisering og sideoppsett med profesjonelle publiseringsfunksjonar.

SparkleShare

Enkel fildeling basert på git. Del, tryggingskopier, og samarbeid om designressursar.

Pitivi

Ein kraftig ikkje-lineær videoredigerar med fleire spor som inkluderer redigering, transkoding, effektar, og overgangar.

GNOME-fargehandsamaren

Administrer, installer, og generer fargeprofilar for skrivebordet ditt. Hald skjermen din kalibrert!

Last ned Fedora Design Suite 40

LANSERINGSDATO: tysdag 23. april 2024

Ingen filer tilgjengeleg for denne versjonen.

Me tek tryggleik seriøst

Når du har lasta ned eit bilete, hugs å stadfesta det for både tryggleik og integritet.

Ved å berekna sjekksummen til avbildinga på di eiga datamaskin og samanlikna ho med den opphavlege sjekksummen, kan du kontrollera at avbildinga ikkje har vorte tukla med eller øydelagt. Avbildingar er ogso gpg-signert med Fedora-nyklar for å demonstrera integriteten deira.

  • Klikk på stadfest-knappen for å lasta ned sjekksumfila for det nedlasta biletet.

  • Importer Fedoras GPG-nykel(ar)

                    curl -O https://fedoraproject.org/fedora.gpg
                  

    Du kan verifisera detaljane i GPG-nykelen/ane her.

  • Verifiser at sjekksumfila er gyldig

                    gpgv --keyring ./fedora.gpg Fedora-Labs-40-1.14-*-CHECKSUM
                  
  • Sjekk at sjekksummen samsvarer

                    sha256sum -c Fedora-Labs-40-1.14-*-CHECKSUM
                  

Viss det står at fila er gyldig, so er den klar til bruk!

Ved å klikka på og lasta ned Fedora, samtykkjer du i å overhalda Fedoras retningslinjer for eksportkontroll.