Skip to main content Start of main content

Fedora Scientific-lab

Gruer du å måtta installera alle dei viktige verktøya for vitskapleg og numerisk arbeid på nytt? Svaret er her. Fedora Scientific-spinnet samlar dei mest nyttige vitskaplege og numeriske verktøya med open kjeldekode på toppen av det gode KDE-skrivebordsmiljøet.

Fedora Scientific vert akkurat no levert med ei rekkje applikasjonar og bibliotek. Desse spenner frå bibliotek som GNU Scientific-biblioteket, SciPy-biblioteka, verktøy som Octave og xfig til satsverktøy som Kile og grafikkprogram som Inkscape. Det noverande settet med pakkar inkluderer ein IDE, verktøy og bibliotek for programmering i C, C++, Python, Java og R. I tillegg kjem bibliotek for parallell databehandling, som OpenMPI og OpenMP. Verktøy for å setja, skriva og publisera er ogso inkludert.

Utvalde applikasjonar

IPython

IPython er eit forbetra interaktivt skal med ei rekkje funksjonar som støttar rask interaktiv databehandling.

Pandas

Pandas er eit Python-bibliotek som er mest nyttig for dataanalyse.

Gnuplot

Gnuplot er eit kommandolinjestyrt verktøy for oppretting av 2D- og 3D-grafar.

Matplotlib

Matplotlib er det mest funksjonsriket Python-biblioteket for å laga publikasjonsklare grafar og figurar.

R

R er eit programvaremiljø for statistisk databehandling.

Maxima

Maxima er eit algebraisk datasystem.

LaTeX

Fedora Scientific inneheld heile verktøykjeda som trengst for å laga dokument ved hjelp av LateX.

GNU Octave

GNU Octave er eit programmeringsspråk på høgt nivå og eit numerisk databehandlingsmiljø som i hovudsak er kompatibelt med MATLAB.

GNU Scientific-biblioteket

GNU Scientific Library er eit C/C++-bibliotek som inneheld ei omfattande samling av matematiske rutinar.

Last ned Fedora Scientific Lab 40

LANSERINGSDATO: tysdag 23. april 2024

For Intel og AMD x86_64 system

Fedora Scientific Lab 40Vagrant libvirtvagrant-libvirt.box4.6 GiB

Fedora Scientific Lab 40Vagrant VirtualBoxvagrant-virtualbox.box4.6 GiB

Fedora Scientific Lab 40Live ISOiso5.2 GiB

Ingen filer tilgjengeleg for denne versjonen.

Me tek tryggleik seriøst

Når du har lasta ned eit bilete, hugs å stadfesta det for både tryggleik og integritet.

Ved å berekna sjekksummen til avbildinga på di eiga datamaskin og samanlikna ho med den opphavlege sjekksummen, kan du kontrollera at avbildinga ikkje har vorte tukla med eller øydelagt. Avbildingar er ogso gpg-signert med Fedora-nyklar for å demonstrera integriteten deira.

  • Klikk på stadfest-knappen for å lasta ned sjekksumfila for det nedlasta biletet.

  • Importer Fedoras GPG-nykel(ar)

                    curl -O https://fedoraproject.org/fedora.gpg
                  

    Du kan verifisera detaljane i GPG-nykelen/ane her.

  • Verifiser at sjekksumfila er gyldig

                    gpgv --keyring ./fedora.gpg Fedora-Labs-40-1.14-*-CHECKSUM
                  
  • Sjekk at sjekksummen samsvarer

                    sha256sum -c Fedora-Labs-40-1.14-*-CHECKSUM
                  

Viss det står at fila er gyldig, so er den klar til bruk!

Ved å klikka på og lasta ned Fedora, samtykkjer du i å overhalda Fedoras retningslinjer for eksportkontroll.