Skip to main content Start of main content

Fedora Games-lab

Fedora Games-laboratoriet er eit perfekt utstillingsvindauge for dei beste spela som er tilgjengelege i Fedora. Spela som er inkluderte, spenner over fleire sjangrar, frå fyrstepersons skytespel til sanntids- og turbaserte strategispel til puslespel.

Ikkje alle spela som er tilgjengelege i Fedora, er inkluderte i denne laben, men ved å prøva denne laben får du eit rimeleg inntrykk av Fedoras evna til å køyra gode spel.

Utvalde applikasjonar

Extreme Tux Racer

Arktisk racingspill i høg fart basert på Tux Racer.

Wesnoth

The Battle for Wesnoth er eit gratis, turbasert taktisk strategispel med eit høgt fantasi-tema.

Hedgewars

Hedgewars er eit turbasert strategi-, artilleri-, action-, og komediespel.

Colossus

Colossus er ein Java-klon av Avalon Hills brettspel Titan™.

BZFlag

BZFlag er eit gratis online fleirspelar 3D-tanks kampspel.

Freeciv

Freeciv er eit gratis strategispel med open kjeldekode for imperiebygging inspirert av historia til den menneskelege sivilisasjonen.

Warzone 2100

Tak kommandoen over styrkane i ein kamp for å byggja opp att verda etter at menneskja nesten har vorte utsletta av atomrakettar.

MegaGlest

MegaGlest er eit underhaldande, gratis, og open kjeldekodebasert 3D-sanntidsstrategispel (RTS) på tvers av plattformer.

Fillets

Fish Fillets NG er ein Linux-port av det fantastiske puslespelet Fish Fillets frå ALTAR interactive.

Last ned Fedora Games Lab 40

LANSERINGSDATO: tysdag 23. april 2024

For Intel og AMD x86_64 system

Fedora Games Lab 40Live ISOiso6.4 GiB

Ingen filer tilgjengeleg for denne versjonen.

Me tek tryggleik seriøst

Når du har lasta ned eit bilete, hugs å stadfesta det for både tryggleik og integritet.

Ved å berekna sjekksummen til avbildinga på di eiga datamaskin og samanlikna ho med den opphavlege sjekksummen, kan du kontrollera at avbildinga ikkje har vorte tukla med eller øydelagt. Avbildingar er ogso gpg-signert med Fedora-nyklar for å demonstrera integriteten deira.

  • Klikk på stadfest-knappen for å lasta ned sjekksumfila for det nedlasta biletet.

  • Importer Fedoras GPG-nykel(ar)

                    curl -O https://fedoraproject.org/fedora.gpg
                  

    Du kan verifisera detaljane i GPG-nykelen/ane her.

  • Verifiser at sjekksumfila er gyldig

                    gpgv --keyring ./fedora.gpg Fedora-Labs-40-1.14-*-CHECKSUM
                  
  • Sjekk at sjekksummen samsvarer

                    sha256sum -c Fedora-Labs-40-1.14-*-CHECKSUM
                  

Viss det står at fila er gyldig, so er den klar til bruk!

Ved å klikka på og lasta ned Fedora, samtykkjer du i å overhalda Fedoras retningslinjer for eksportkontroll.