Skip to main content Start of main content

Fedora Jam-lab

Fedora Jam er for ljodentusiastar og musikarar som ynskjer å skapa, redigera, og produsera ljod og musikk på Linux. JACK, ALSA og PulseAudio fylgjer med som standard, inkludert ein pakke med program for å skreddarsy studioet ditt.

Fedora Jam er eit fullverdig program for ljodproduksjon. Han inneheld alle verktøya du treng for å laga den musikken du ynskjer, alt frå klassisk til jazz og heavy metal. Fedora Jam inkluderer full støtte for JACK og JACK to PulseAudio-brygging, den nyaste versjonen av Ardour og eit komplett sett med LV2-plugins.

Utvalde applikasjonar

Ardour

Ein kraftig fleirkanals digital ljodarbeidsstasjon med alt du treng til ljodprosjekta dine.

Qtractor

Ein digital ljodarbeidsstasjon med avanserte midi-sekvenser for heimebruk.

Hydrogen

Ei avansert trommemaskin med profesjonell, men likevel enkel og intuitiv mønsterbasert trommeprogrammering.

Yoshimi

Ein kraftig synthesizer som kan laga eit utal av instrumentljodar.

MuseScore

Ein enkel måte å skriva musikk på med ein integrert sekvenser.

TuxGuitar

Lær deg gitar med denne gitartabulaturredigeraren med høve til å visa notar og fleirspors tabulaturar.

Guitarix

Alt du treng for å gjera datamaskina di om til ein fullverdig gitarrigg. Få ljodar og effektar i proffkvalitet.

SooperLooper

Ein programvaresampel med looping i sanntid, perfekt for liveopptredenar.

Calf

Profesjonelle, toppmoderne ljodmodular for musikarar og fleirsporprogramvare.

Last ned Fedora Jam Lab 40

LANSERINGSDATO: tysdag 23. april 2024

For Intel og AMD x86_64 system

Fedora Jam Lab 40Live ISOiso3.3 GiB

Ingen filer tilgjengeleg for denne versjonen.

Me tek tryggleik seriøst

Når du har lasta ned eit bilete, hugs å stadfesta det for både tryggleik og integritet.

Ved å berekna sjekksummen til avbildinga på di eiga datamaskin og samanlikna ho med den opphavlege sjekksummen, kan du kontrollera at avbildinga ikkje har vorte tukla med eller øydelagt. Avbildingar er ogso gpg-signert med Fedora-nyklar for å demonstrera integriteten deira.

  • Klikk på stadfest-knappen for å lasta ned sjekksumfila for det nedlasta biletet.

  • Importer Fedoras GPG-nykel(ar)

                    curl -O https://fedoraproject.org/fedora.gpg
                  

    Du kan verifisera detaljane i GPG-nykelen/ane her.

  • Verifiser at sjekksumfila er gyldig

                    gpgv --keyring ./fedora.gpg Fedora-Labs-40-1.14-*-CHECKSUM
                  
  • Sjekk at sjekksummen samsvarer

                    sha256sum -c Fedora-Labs-40-1.14-*-CHECKSUM
                  

Viss det står at fila er gyldig, so er den klar til bruk!

Ved å klikka på og lasta ned Fedora, samtykkjer du i å overhalda Fedoras retningslinjer for eksportkontroll.