Skip to main content Start of main content

Fedora Budgie-spinn

Fedora Budgie-spinnet viser fram Budgie Desktop, eit funksjonsrikt, moderne skrivebord som er designa for å ikkje vera i vegen for brukaren. Budgie Desktop brukar vanlege skrivebordsmetaforar, samtidig som det tilbyr brukarane sofistikert funksjonalitet, som Raven-widgeten og varslingssenteret, og ein lett tilgjengeleg metode for personleg tilpassing.

Dette spinnet er designa for å liggja tett opp til oppstraums Budgie Desktop, og gjev ei nesten vaniljeaktig oppleving med eit kuratert sett med standardapplikasjonar som passar best inn i Budgie.

Kopla på nett

Firefox

Utforsk nettet med Firefox, den fullstendige nettlesaren.

Thunderbird

Mozilla Thunderbird er ein frittståande Matrix-, e-post- og nyheitsgruppeklient. Organiser timeplanen din med det medfylgjande kalenderprogrammet Lightning.

Verktøy og konfigurasjon

GNOME-terminalen

Fedora Budgie-spinn vert levert med GNOME Terminal, inngangsporten til den verkelege krafta i kva som helst UNIX/Linux-maskin.

Budgie-skrivebordsinstillingar

Budgie Desktop Settings tilbyr eit breitt spekter av moglegheiter for personleg tilpassing, frå Raven- og paneladministrasjon til tematisering.

Kontor og produktivitet

LibreOffice

LibreOffice er ein integrert kontorpakke. Den nyttar frie og opne standardar for dokumentformat og komponentar.

Atril

Atril er ein enkel framvisar av flersidige dokument. Han kan visa og skriva ut PostScript-, DVI-, XPS-, og PDF-filer.

Multimedia

Rhythmbox

Enkelt brukargrensesnitt. Kraftig musikkadministrasjon. Spelelister. Strøyming av radio. Podkastar.

Parole

Ein moderne mediespelar som brukar gtk3 og utviding-rammeverket gstreamer.

Eye of MATE

Eye of MATE er laga for å vera ein rask og funksjonell biletprogram.

Prøv det no.

Last ned no