Skip to main content Start of main content

Fedora MATE+Compiz-spinn

MATE+Compiz-spinnet kombinerer MATE-skrivebordet med Compiz Fusion. MATE Desktop er eit lett og kraftig skrivebord som er utvikla med tanke på produktivitet og yting. Den standarde vindaugehandsamaren er Marco, som kan brukast på alle maskiner og VM-er. Compiz Fusion er ei vakker 3D-vindaugsbehandling med Emerald og GTK+-tematisering.

Viss du vil ha eit kraftig, lett Fedora-skrivebord med 3D-augegodteri, bør du definitivt prøva MATE+Compiz.

Kopla på nett

Blueberry

Blueberry er eit gnome-bluetooth-basert konfigurasjonsverktøy for Bluetooth som vert svært godt integrert i nesten alle skrivebordsmiljø.

Firefox

Utforsk nettet med Firefox, den fullstendige nettlesaren.

Hexchat

Hald kontakten med venar og kollegaer ved hjelp av Hexchat, ein brukarvenleg IRC-klient.

Transmission

Er du ein nedlaster? Bruk Transmission for å få nye versjonar av Fedora MATE+Compiz-skrivebordet!

Verktøy og konfigurasjon

MATE Terminal

Fedora MATE+Compiz vert levert med ein terminal, inngangsporten til den verkelege krafta i alle UNIX/Linux-maskin, kalla MATE Terminal.

DConf-redigeraren

Du treng ikkje å kunna kryptiske kommandoar og konfigurasjonsfiler. Klikk på alternativa du ynskjer å endra, og vel dei innstillingane som gjer deg nøgd.

Kontor- og produktivitetspakke

LibreOffice

LibreOffice er ein integrert kontorpakke. Den nyttar frie og opne standardar for dokumentformat og komponentar.

Claws Mail

Claws Mail er eit e-postprogram som er lett å konfigurera og har alle funksjonar for MATE+Compiz-skrivebordet.

Multimedia

Exaile

Enkelt grensesnitt. Kraftig musikkadministrasjon. Smarte spelelister. Avansert merking av spor. Automatisk albumkunst. Tekstar. Strøyming av radio. Podkastar.

Parole

Ein moderne mediespelar som brukar gtk3 og utviding-rammeverket gstreamer.

Eye of MATE

Eye of MATE er meint å vera ein rask og funksjonell biletframvisar for MATE+Compiz-skrivebordet.

FileZilla

FileZilla er ei gratis FTP-løysing på tvers av plattformer med mange intuitive verktøy som hjelper deg med å flytta filer raskt mellom datamaskina og webserveren din.

Prøv det no.

Last ned no