Skip to main content Start of main content

Felleskap

Vert med i eit fellesskap av brukarar og bidragsytarar som fokuserer på Fedora Budgie Atomic.

Fedora Budgie Atomic vert vedlikehalde av Budgie Special Interest Group (SIG) i Fedora og er resultatet av eit samarbeid mellom Fedora- og Budgie-fellesskapet.

Budgie SIG er eit ope fellesskap som søkjer bidragsytarar frå alle stadar og av alle typar. Frå dokumentasjonsskriving til betatesting, til å hjelpa andre ved å svara på spørsmål — det er mange måtar å engasjera seg på og bidra til å forma Budgies framtid!

Buddies of Budgie-organisasjonen er ansvarleg for utviklinga av Budgie Desktop og har si eiga vert involvert side som beskriv korleis du kan hjelpa prosjektet dykkar!

Kommunikasjonskanalar

Forum

Taggen Fedora Onyx på Fedoras Discourse-baserte diskusjonsforum er ein flott stad å komma i kontakt med andre Fedora Budgie Atomic-brukarar og bidragsytarar.

Chatt

Du kan chatta med Fedora Budgie-fellesskapet på Matrix på #budgie:fedoraproject.org

Måtar å engasjera seg på

Utviklarar

Fedora Budgie Atomic vert drive av nokre fantastiske open kjeldekode-prosjekt, inkludert ostree, rpm-ostree, og flatpak. Viss du er utviklar, bør du gjerne vurdera å hjelpa til med eit av desse prosjekta.

Testarar

Har du funne noko som ikkje er heilt rett? Vil du foreslå ei endring i måten Budgie Atomic fungerer på? Me vil gjerne høyra frå deg! Gå til Budgie SIG issue tracker og gje oss beskjed.

Fedora Magazine er ein nettstad som inneheld promoteringsartiklar og korte rettleiingar om fri programvare og programvare med open kjeldekode som køyrer på eller fungerer saman med operativsystemet Fedora Linux.

Fellesskapsbloggen er ei felles kjelde for medlemar av fellesskapet til å dela viktige nyheiter, oppdateringar, og informasjon om Fedora med andre i prosjektfellesskapet.