Skip to main content Start of main content

Felleskap

Vert med i eit fellesskap av brukarar og bidragsytarar som fokuserer på Fedora Cloud.

Fedora Cloud er oppretta av eit team i Fedora-prosjektets fellesskap som heiter Cloud Working Group. Han består av offisielle medlemar som har avgjerdsstyresmakt, og dessutan andre bidragsytarar. Finn ut meir om denne gruppa og korleis du kan engasjera deg på Cloud Working Groups nettstad.

Kommunikasjonskanalar

Forum

Taggen Fedora Cloud på Fedoras Discourse-baserte diskusjonsforum er ein flott stad å komma i kontakt med andre Fedora Cloud-brukarar og bidragsytarar.

Chatt

Du kan chatta med Fedora Cloud Working Group via Matrix: #cloud:fedoraproject.org.

Måtar å engasjera seg på

Rapportera og diskutera problem

Du kan sjå, rapportera, og diskutera Fedora Cloud-problem på Fedora Cloud-problemsporaren.

Delta på eit møte

Cloud Working Group meetings are open to all current and potential contributors annankvar torsdag at 15:00 UTC in #meeting-1​:fedoraproject.org (see fedocal→cloud for updates).

Hendingar

Fedora har arrangement i løpet av året som du kan delta på, vanlegvis fysisk eller virtuelt, for å læra meir om Fedora Workstation og møta andre brukarar og bidragsytarar.

Den årlege konferansen for Fedora-prosjektet

Flock er Fedora-prosjektet sin årlege fleirdagars fysiske konferanse med fokus på bidragsytarane våre. Konferansen alternerer vanlegvis mellom Europa og Nord-Amerika. Konferansen er ein stad for møte og samtaler ansikt til ansikt. Det er ogso ein stad for å feira fellesskapet vårt.

Konferansen finn vanlegvis stad i august kvart år.

Den virtuelle Fedora-prosjektets konferanse

Nest er den virtuelle heime Flocken vår som har vore i gang sidan det globale utbrotet av COVID-19. Det går over tre dagar og inkluderer foredrag, workshops, hackfestar og sosiale arrangement.

Verdsomspennande og lokale Fedora-møte

Hatch er ein serie små, personlege, globale møte som vert arrangerte i vekene før Flock/Nest-konferansen, og som gjer det mogleg for fedoranarar i nærleiken av kvarandre å møtast.

Fedora Magazine er ein nettstad som inneheld promoteringsartiklar og korte rettleiingar om fri programvare og programvare med open kjeldekode som køyrer på eller fungerer saman med operativsystemet Fedora Linux.

Fellesskapsbloggen er ei felles kjelde for medlemar av fellesskapet til å dela viktige nyheiter, oppdateringar, og informasjon om Fedora med andre i prosjektfellesskapet.